HjemHelse, omsorg og sosialSørfjorden Barnevern

Sørfjorden Barnevern

 

Barneverntenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.

Er det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det? 

Barneverntenesta skal bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge, og den skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal såleis både driva førebyggjande arbeid, i tillegg til å verna om dei barna som har behov for det. Omsynet til kva som er best for barnet er avgjerande.

Hjelpetiltak kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. Barneverntenesta er oppteken av at barn og unge skal få oppleve at dei har medverknad på tiltak frå barnevernet, når deira alder og modning tilseier det.

Alle tiltak som barneverntenesta set i gang, skal vera til det beste for barnet. Tiltaka vil difor vera ulike frå situasjon til situasjon, og frå eit barn til eit anna.

Målgruppe: Barn og ungdom under 18 år. Ved samtykke frå ungdommen kan tiltak vidareførast inntil ungdomen har fylt 25 år.

Meir informasjon om barnevern: https://www.bufdir.no/barnevern/

 

Bekymringsmelding til barnevernet

Bekymringsmelding frå offentleg tilsette

Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)

Melding sendast digitalt. Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då skrive ned meldinga ilag med deg i møtet. 

 

Oppfølging av meldinga

Du får ei skriftleg tilbakemelding på at vi har mottatt meldinga di og om meldinga vil føre til ei vidare undersøking innan 3 veker.
Når vi har undersøkt og konkludert i saka, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om vi eventuelt set inn tiltak.

Dersom foreldra samtykker, eller vi meiner det er avgjerande, kan du få fleire opplysningar.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt. Om du melder på ny, ikkje ta for gitt at vi kjenner til alt sjølv om vi er eller var inne i saka.

 Bekymringsmelding frå privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melde?

Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.

Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.

Kan du vere anonym?

Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.
Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg om vi har spørsmål eller treng meir informasjon.

Korleis melder du?

Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.

Meldinga bør innehalde:

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vere anonym

Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.

Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)

Melding sendast digitalt. Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då skrive ned meldinga ilag med deg i møtet.

Ønskjer du å sende melding i post kan du nytte dette skjema

skjema-privatperson.docx (live.com)

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er mottatt.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

Kontaktinformasjon

Sørfjorden Barnevern 

Telefon: 945 08 710      (mellom klokka 09:00-14:30)


Besøksadresse:

Familie- og omsorgssenteret
Fotlandsvegen 27
5282 Lonevåg

 

Postadresse:
Osterøy kommune
Postboks 1
5293 Lonevåg

Organisasjonsnummer til Sørfjorden barnevern (brukast ved digital post): 984 109 296


Barnevernleiar: Jannicke Sandvik
E-post: jannicke.sandvik@osteroy.kommune.no

 

Barnevernvakt


Barnevernvakta er ein del av den kommunale barneverntenesta i Osterøy kommune, og barnevernet sin akuttberedskap på kveldstid og i helger. Hovudoppgåva er å bistå barn og familiar med akutt hjelpebehov når kommunen si barnevernteneste er stengt.

Tlf.: 55 36 11 80

Ope alle dagar utenom ordinær arbeidstid:
* 16:00 – 08:00 kvardagar
* Heile døgnet i helg og ved høgtider.

Utanom om dette kan vakthavande politi kontaktast på telefon 02800.

Rapportskjema

Rapportskjema finn du her
Besøksheim, fritidskontakt og tilsynsførar

Besøksheim

Besøksheim blir brukt av barnevernet som eit hjelpetiltak for barn.

Besøksheim kan til dømes bli brukt som avlasting for foreldre, for å gje born meir stimulering, eller rett og slett at borna treng fleire trygge vaksne som ser bornet og viser interesse.Besøksheim vil ofte vere eit langsiktig tiltak.

Som besøksheim bør du ha eitt stabilt liv og vere ein trygg vaksen som ynskjer å hjelpe barn eller ungdommar.

Trykk her for søknadsskjema

Trykk her for å laste ned rapportskjema frå besøksheim

 

Tilsynsførar

Alle born som er plasserte i fosterheim skal ha ein tilsynførar. Denne skal vere ein fortruleg vaksen som besøker bornet 4 gonger i året for å sjå til at barnet har det bra.

Trykk her for å laste ned tilsynsførarrapport

Fritidskontakt

Som fritidskontakt hjelp du barn og ungdom til å få eit meir aktivt og sosialt liv. Fritidskontaktar jobbar nokre timer per veke, og får betalt for dette. Som fritidskontakt for barnevernstenesta bør du ha eit stabilt liv som tilseier at du kan stå i oppdraget over tid. Du bør vere ein trygg vaksen som ynskjer å hjelpe eller gjere aktivitetar saman med barn eller ungdommar.

Trykk her for å laste ned fritidskontaktrapport


Sist oppdatert: 20.02.2024
Publisert: 06.11.2018