HjemBranntryggleik, eldstad og feiingBranntryggleikOvernatting på mellombels overnattingstad

Overnatting på mellombels overnattingstad

1.    GENERELT

Utleigar har ansvar for at krava i dette avsnittet vert fylgd opp.

  • Alle manglar påpeika i brannsynsrapportar og annan korrespondanse frå brannvernet skal vere retta.
  • Denne instruks skal delast ut til leiarane for den gruppa som overnattar, samt nattevaktar. Dei skal visast rundt og gjerast kjend med rømmingsvegar, varslings-rutinar, sløkkjemateriell og samlingsplass.
  • Alle rømmingsvegar frå overnattingsrom skal vere ryddige og oversiktlege. Dørar i rømmingsvegar (også ytterdør) skal vere ulåst. Dei kan låsast dersom låsen har innvendig vridar. Lyset i rømmingsvegar skal vere tend. Det må ikkje plasserast fleire madrassar i kvart rom enn at det vert god tilkomst til dørar og vindauge.
  • Nattevakta skal ha telefon kor det er tydeleg oppslag med alarmnumra til brannvern, politi og legevakt.
  • Brannvernet skal ha beskjed på vedlagt meldeskjema, 7 dager før bygning skal brukast til overnatting, grunna bemanningsplanlegging.

 

2.     REGLAR FOR INNKVARTERING OG VAKTHALD

Leigetakar (dei som overnattar) har ansvaret for at krava i dette avsnittet vert fylgde.

  • Alle som overnatter skal gjerast kjend med instruksen, betydinga av brannalarm og røykvarslarar, rømmingsvegar og samlingsplass.
  • All røyking, bruk av varme, gass til koking og liknande er forbode.
  • Så lenge det søv folk i bygningen, skal det vere vaken nattevakt til stades. Nattevakta(r) skal ha lykt og mobiltelefon. Vaktar i forskjellige bygningar eller etasjer skal ha samband på mobiltelefon eller på anna hensiktsmessig vis. Dei skal kjenna naudnumra til brann, politi og ambulanse, samt til utleigars representant.
    • Nattevakta skal vere kjend med rømmingsvegar, varslingsrutinar, sløkkjemateriell og samlingsplass.
    • Han/ ho skal ha oversikt over romma som nyttast til overnatting.
    • Nattevakta skal kvar time patruljera i dei delar av bygningen som nyttast til overnatting, også særromma.
      • Ta ikkje med bagasje
      • Søk gjennom toalettrom og andre ”birom”.
      • Lukk dører og vindauge.
      • Prøv å sløkkje branntillaup med tilgjengeleg sløkkjemateriell.
      • Møt brannvernet og orientera dei.
      • Angje om mogeleg brannstad og om evt. kor det er folk inne i bygget.

VED ALARM:

Etter evakueringa går alle til anvist samlingsplass og vert verande der til naudsynt registrering er føretatt.

FALSK/UNØDIG ALARM: Om alarmen vert utløyst ved feil eller unødig skal 110 sentralen ringast umiddelbart for å stoppe utrykking, tlf. 53 03 02 90.

VAKTHAVANDE UTRYKKINGSLEIAR OSTERØY: Døgnbemanna mobiltelefon. 905 72 711.

Meldingskjema


Sist oppdatert: 01.11.2022
Publisert: 01.11.2022