Branntryggleik i heim og hytte

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande. 

Røykvarslar

Alle bustader - leilegheiter, rekkjehus, einebustader, hyblar og hytter - skal ha minst ein godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjend brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere røykvarslar. Brukaren av bustaden har ansvaret for å teste røykvarslaren og skifte batteri.

Skift batteri ein gong i året.

Dei fleste røykvarslarar lagar korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårleg. Du må då skifte batteri så snart som mogeleg. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Du kan bruke ein pinne eller liknande for å gjere det enklare å nå opp. Batteriet bør skiftast ein gong i året (om du ikkje har 5 eller 10 års batteri. Gjer det til ein vane å byte batteri 1. desember, det er nemleg røykvarslarens dag. Hjelp også eldre/uføre du kjenner med å byte batteri denne dagen.

Seriekopla røykvarslarar

Røykvarslarane bør vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Alle i huset vert då varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel og kan gjerast sjølv.

Ionisk eller optisk?

Det er fleire typar røykvarslarar, både optiske, ioniske og kombinasjonsvarslarar. Optiske røykvarslarar reagerer raskast ved ulmebrann, mens ioniske røykvarslarar reagerer raskast på open eld. Brannvernet anbefalar optiske eller kombinerte varslarar.

Plassering er viktig

Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerer på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå veggen. Varslaren bør monterast i rømmingsvegane, til døms i gangar som knyter fleire rom saman. I hus med fleire etasjar bør varslarane monterast nær trappene. Røykvarslarane skal kunne høyrast tydeleg på alle soverom og opphaldsrom når alle dører er stengde.

Test røykvarslaren med røyk

I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Bruk røyk frå testpinne, testspray eller vanleg fyrstikk for å teste om sjølve røykvarslaren reagerer på røyk. Dersom røykvarslaren ikkje reagerer med nytt batteri, er røykvarslaren defekt og må skiftast ut snarast.

Røykvarslarar bør minst ein gong i året reingjerast for støv og smuss. Ver varsam slik at du ikkje skadar elektronikken. Det vert anbefalt å skifte ut røykvarslarar som er eldre enn 10 år.

Sløkkjeutstyr

Alle bustader skal ha eigna sløkkjeutstyr. Det kan anten vere ein husbrannslange, eit pulver-, eller eit skumapparat. Sløkkjeutstyret skal monterast lett tilgjengeleg og må kontrollerast jamleg.

Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffe og montere sløkkjeutstyrDet er brukaren av bustaden som har ansvaret for å kontrollere at utstyret er i orden.

Husbrannslange

Husbrannslangen har uavgrensa sløkkjekapasitet. Slangen bør vere fast montert til ei kran og skal rekkje fram til alle rom i huset. Ein hageslange er ikkje godkjent som husbrannslange.

Vatn kan ikkje brukast mot brann i feittgryter, bensin og andre flytande stoff. Brann i feittgryter kan lett sløkkjast ved å legge på grytelokket. Trekk gryta vekk frå plata og skru av straumen.

Det er viktig å vedlikehalde og kontrollere sløkkjeutstyret. Husbrannslangen bør kontrollerast kvart år. Rull ut heile slangen og kontroller at krana verkar og at slangen er utan sprekker.

Pulverapparat

Pulverapparatet må vere på minst 6 kilo. Eit pulverapparat er lett å ta med seg og kveler ein brann effektivt. Det kan brukast på alle typar brann. Det vert i midlertid tømt på 10-20 sekund.

Sjekk at manometerpila står på det grøne feltet. Vend apparatet opp-ned for å hindre at pulveret klumpar seg. Dersom du held øyret inntil behaldaren skal du kunne høyre at pulveret flyttar seg. Sjekk at plomberinga er intakt og at det ikkje er skader på apparatet. Kvart femte år må pulverapparatet leverast inn til kontroll, og kvart tiande år til service. Kontroll og service må utførast av sertifiserte fagpersonar.

Skumapparat

Skumapparatet inneheld vassbasert skum som sløkkjer brann ved kveling og nedkjøling samstundes. Dette må anten vere 9 liter, eller 6 liter med sløkkjeeffekt på minst 21A. Eit skumapparat på 9 liter vert tømt på 20-30 sekund. Ver merksam på at skumapparatet ikkje tåler frost.

Rømmingsvegar

Ved ein brann er det viktig at alle som oppheld seg i bustaden raskt kan kome seg ut.

Snakk difor med familien om korleis de skal opptre ved brann, og korleis de skal kome dykk ut frå alle rom. Avtal ein fast møteplass utanfor huset.

Det er viktig å ha enkle rømmingsvegar frå bustaden og ut til det fri. Hald rømmingsvegane ryddige.

Kontroller at vindauge og dører er lette å opne, og vurder om det er behov for ekstra hjelpemidlar som rømmingsstige eller liknande.

Skulle det oppstå brann, hugs at brannrøyken er svært giftig. Unngå å flytte deg over lengre avstandar i røykfylte rom. Dersom dette likevel er naudsynt, hald deg lågt ved til dømes å krype på golvet. Om det er mørkt, orienter deg langs veggen, slik at du heile tida veit kvar du er.

I nokre høve - om du veit at brannvesenet er på veg - kan det vere mest riktig å bli på rommet, eller til dømes på ein balkong, til brannvernet kjem. Gje i så fall tydelege signal om kvar du er, slik at du raskt får hjelp.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkjerunde» i bustaden din kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekka, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og lat ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Born er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar borna kvar røykvarslarane er, test han, og lat dei verte «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til bustaden, om de kjem bort frå kvarandre.

Branntryggleik på hytta

Røykvarslar 

Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal høyrast i alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Sjekk at røykvarslaren fungerer kvar gong du kjem fram til hytta og ha gjerne med deg eit reservebatteri. Pass på at røykvarslaren er riktig montert i taket.

Sløkkjeutstyr

Brannsløkkjeutstyr er også påbode i fritidsbustad. Kontroller at det er lett tilgjengeleg. Sjekk trykkmålaren og snu brannsløkkjeapparatet opp-ned et par gongar i året, om du har pulverapparat. Sløkkjeapparatet må kontrollerast jamleg.

Rømmingsveg

Pass på at alle opphaldsrom har uhindra rømming til det fri. På vinterstid med mykje snø er det difor viktig å passe på at ein ikkje berre grev seg inn i hytta, men også at ein grev rømmingsvegar ut.

Fyr trygt 

Fyr med tørr ved og god trekk. Ikkje bruk brennbare væsker til opptenning. Ikkje sett oska utanfor hytteveggen. Kjøl den ned i ei sinkbøtte med metallok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytta.

Obligatorisk feiing

Alle hytteskorsteinar skal etter ny forskrift om brannførebygging, feiast på lik linje med bustader. Kommunen avgjer kor tid og kor ofte. Hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvernet, om tilstanden på skorstein og fyringsanlegg, samt om det har vorte installert ny eldstad.

Om du oppdagar skorsteinsbrann, steng snarast alle ventilar og luker som fører til skorsteinen. Ver spesielt merksam på peisspjeld, og eventuell røykutvikling ved etasjeskilje og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inn til skorsteinen.

Levande lys 

Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå lys. Bruk berre branntrygge lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje komme i nærleiken av ting som kan brenne. Ver difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar, om du luftar gjennom vindauge.

Kle til tørk

Dekk ikkje til varmekjelder og ikkje tørk kle rett på omn eller peis. Pass på at kle som heng til tørk i nærleiken av varmekjelder er hengt skikkeleg fast, slik at dei ikkje kan gli ned, eller blir hengande for tett innpå varmekjelda.  

Propan 

Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Kople gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gneistar, som til dømes ein lysbrytar. Luft først godt ut og finn så eventuelle lekkasjar.

Les meir

Sist oppdatert: 16.04.2019
Publisert: 05.11.2018