Bål- og bråtebrenning

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjort eld før han er heilt sløkt.

Slik søkjer du om løyve

  • Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.
  • Søknaden sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no
Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det totalforbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov. Du har likevel lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann.

Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

I perioden 16. september til 14. april er faren for gras- og skogbrann normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp små bål i naturen, utan løyve frå brannvesenet. 

Vakthavande utrykkningsleiar: tlf 90572711

Kva skal du passe på når du brenn bål?

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind.

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettennelege klede.  
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Fins det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar.

    Vakthavande utrykkningsleiar: tlf 90572711
Brenning av hageavfall

Det er lov å brenne hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gamalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenne boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materiale, eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering, eller liknande.  

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særlig dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggande lågt over bakken. Røyk er irriterande på slimhinner, i augene og i luftvegane, og representerer eit helse- og trivselsproblem for dei som blir eksponert. Røyken er spesielt til plage for dei med astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet anbefalar difor å la vere å brenne hageavfall, og heller bruke kompost eller levere hageavfallet til gjenvinning. 

Vakthavande utrykkningsleiar: tlf 90572711

Kompost eller gjennvinning

Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å lage. Legg alt avfallet i ein haug. Du kan også lage ein karm rundt for å halde haugen på plass.  

Hageavfallet kan også enkelt leverast inn på BIR sine gjenvinningsstasjonar som lagar god jord av det.

Bålpanne

Bålpanner vert stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.  

Flatebrenning, gras og lyngsviing

Flatebrenning, eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må søkjast om til kommunen. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.

Jonsokafta

På jonsokafta gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden som er ansvarleg for tryggleikstiltaka, og å sløkke elden før staden blir forlaten.

Vakthavande utrykningsleiar: tlf 90572711.

Konsekvensar ved uforsvarleg brenning

Brannvesenet kan gje pålegg om å stanse brenning, jf.brann- og eksplosjonsvernloven § 37 første ledd.

Politiet kan anmelde tilhøvet og eventuelt gje forelegg etter forurensingslovens § 7 og 2.

Ved overhengande fare kan brannvesenet slokke bål/eld,jf.brann- og eksplosjonsvernloven § 37 tredje ledd.

Brannvesenet meldar frå til kommunen om forureining/forsøpling ved brenning. I alvorlege tilfeller, ved gjentaking og mistanke om lovbrot, kan saka verta meldt til politiet,jf.forurensnigsloven §79-79.
Når brenninga etterlet seg bålrestar og forsøpling, kan saka følgjast opp av kommunen som kan gje pålegg etter forurensningsloven § 7, ilegge forusensningsgebyr ( §73), setje i verk tiltak og krevje refusjon etter forurensningsloven § 74.

Kontakt
vakthavande uttrykkingsleiar, døgnbemanna. 

Telefon: 905 72 711

Les meir

Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet


Sist oppdatert: 10.05.2021
Publisert: 05.11.2018