HjemBarnehageSøkje tilpassa barnehagetilbodSøkje spesialpedagogisk hjelp

Søkje spesialpedagogisk hjelp

Dette er eit tilbod til barn frå 0 til 6 år.

Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp, om barnet ditt treng ekstra hjelp, støtte og rettleiing. Retten gjeld uavhengig av om barnet ditt går i barnehage eller ikkje.

Slik søkjer du

Trykk her for tilmeldingsskjema til PPT (for barnehage og foreldre)

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.

  • Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding. 
  • Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen. Søknad om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.
  • Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
  • Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.

Send søknasskjema til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8 
5282 Lonevåg

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
  • Vi kan gi hjelpa enkeltvis eller i gruppe.

Krav til søkjar

Kontakt oss

Les meir om PP-tenesta og sjå oversikt over tilsette her. 

Kva seier lova?

Trykk her for å lese meir om retten til spesialpedagogisk hjelp i barnehagelova § 19a.

Sist oppdatert: 04.11.2021
Publisert: 18.06.2018