Søkje eller endre plass
Slik søkjer du
Informasjon om opptaket
Vi gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.
Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.
Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.
Slik søkjer du
Du søkjer barnehageplass elektronisk.
Her er ei steg-for-steg-rettleiing om korleis du søkjer barnehageplass
Trykk her for å søkje barnehageplass
Ønsker du å bytte barnehage? Søk i overflyttingsopptaket. Søknadsfrist er 15. februar.
Hovedopptak for deg som ikkje har plass frå før: Søknadsfrist er 1.mars.
Skal du sende ekstra dokumentasjon? Merk det med "barnehagesøknad" og send det til:
Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg
Kva skjer etter du har sendt søknaden?
Du som søkjer plass i hovudopptaket får:
- stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
- tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden
Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:
- stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
- berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gi deg eit tilbod
- ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår
Før du tek imot tilbod om barnehageplass
Det er viktig at du leser vedtektene før du tek imot tilbodet om barnehageplass. Når du takker ja til tilbod om barnehageplass, bekrefter du samstundes at du har lest og forstått vedtektene. For eksempel kan reglene for oppsigelsestid variere mellom dei ulike barnehagene. Ta kontakt med barnehagen hvis du har spørsmål om vedtektene.
Dei kommunale barnehagane har felles vedtekter og dei finn du her.
Du finn dei private barnehagane sine vedtekter under presentasjonen av barnehagane.
Har du rett på plass?
Kven har rett på barnehageplass?
For å ha rett til barnehageplass må du:
- bu i kommunen
- søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars
Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.
Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.
Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.
Har barnet ditt rett til prioritet?
Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovedopptaket:
- Barn med nedsett funksjonsevne
- Barn med vedtak etter Lov om barneverntjenester §4-12 og 4-4, andre og fjerde ledd
Søkjer du prioritet til barnehageplass skal dokumentasjon sendast til:
Osterøy kommune
Oppvekst, undervisning og kultur
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg
Dokumentasjonen kan og leverast i resepsjonen på Rådhuset.
Hugs frist 1. mars for hovudopptaket.
Endre, flytte eller bytte plass?
Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har.
Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass. Bruk det vanlege søknadsskjemaet, men kryss av for at du ønskjer å bytte barnehage.
Nytt frå 2021 – 80% plass fasast ut.
Kommunale barnehagar gir frå 2021 berre tilbod om fulldagsplassar, det vil sei 5-dagars plass. Tidlegare har kommunale barnehagar hatt tilbod om 80% plass.
Dei barna som allereie har avtale om 80% plass beheld plassen fram til skulestart.
Reglar for oppseiing
- Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen innan den første i kvar månad.
- Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.
Private barnehagar har eigne vedtekter.
Slik seier du opp plassen din
Trykk her for å sei opp barnehageplassen
Vi har felles skjema for søknad og oppseiing av barnehageplass. Kryss av for at du skal seie opp plassen din.
Private barnehager har eigne vedtekter.