Har du rett på redusert foreldrebetaling?
Du har rett på redusert pris om:
- maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
- den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn enn 574.750 kroner.
Frå 1.januar 2021 kostar ein full barnehageplass 3.230 kroner per månad. Vi tilbyr berre full barnehageplass - fem dagar i veka.
Barnehagane har høve til å ta ekstra betaling for mat/kost til sjølkost. På grunn av koronapademien har barna for tida med seg matpakke i barnehagen.
Det er høve til å ta ekstra betaling for mat/kost i barnehagen.
Du har rett på redusert pris om:
Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.
Hushald med inntekt lågare enn kr 566.100,- per år som har 2, 3, 4 og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.
Trykk her for å søkje redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid
Du må søkje innan 1. september for å få avslag i prisen frå oppstarten av nytt barnehageår.
Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.