HeimBarnehageBarnehagane våreMjøsdalen barnehage

Mjøsdalen barnehage

Mjøsdalen barnehage

Om oss
  • Åpningstid: 7.00-16.00 
  • Mjøsdalen barnehage er ein liten barnehage med 1 avdeling med blanda aldersgruppe 1-5 år.   16 barn 

Beliggenhet 

Barnehagen ligg lunt og fint i Hosanger bygda i samband med skuleområdet til Montesorriskulen. Vi er omkransa av flott og variert turterreng på alle kanter og har sol heile året. 

Uteleikeplassen deler vi med skule og Mjøsdalen idrettslag. I tilegg har vi vår eigen skjerma naturleikeplass bak bygget vårt. 

Vi har eit nært samarbeid med skulen i utetida, der store og små kan leika ilag på tvers av alder. I tilegg har vi inngjert ein skjerma plass med leikeapparat tilpassa dei yngste barna våre. 

Særpreg og pedagogisk målsetjing 

Vi er ein liten og oversikteleg barnehage der vi får eit tett og nært barnehagemiljø. Søsken får vera mykje ilag i løpet av ein dag. 

Vi organiserer oss i to grupper , der dei yngste borna får vera på eige rom  frå ca 8.30 til 12.00. Før og etter legg vi til rette for leik  på tvers av alder. Her får dei yngste strekkja seg etter eldre barn sin leik og læring. Dei eldste lærer å ta hensyn til dei minste, og vise omsorg for dei. 

Vi har særskilt fokus på eit godt og utviklande språkmiljø for alle barn 

Leiken har ein sjølvskreven plass i Mjøsdalen barnehage store deler av dagen 

Dei tilsette arbeider bevisst for å sjå enkelt barn og deira behov gjennom varm relasjonsbygging 

Vi er mykje ute i naturen for å leike og utforske gjennom faste turdager i veka. 

 

Kontakt oss

Styrar: Siri Vaarvik

Avdelingstelefon: 945 08 703 

E-post: mjosdalen.barnehage@osteroy.kommune.no

Besøksadresse:

Tveitavegen 65

5282 Lonevåg

Sjå kart.

Kvifor velje Mjøsdalen barnehage?

 

Leik med meining 

  • Leiken har ein sjølvskreven og viktig plass i løpet av ein barnehagedag 

  • Vi har god fysisk plass inne og ute til leik i alle variantar.  

  • Barnet ditt får stor medverknad i leiken sin, personalet støttar  borna i deira initiativ og interesser 

  • Dei tilsette legg til rette for leik i mindre grupper og er deltakande i leiken 

  • Barnet ditt får delta i leikegrupper slik at vi legg til rette for god støtte og inkludera alle barn i god leik 

  • Vi varierer leikemateriell og rekvisita slik at leiken får utvikla seg, og borna får ny inspirasjon 

Høg kompetanse på språkstimulering 

  • Personalet har tillegna seg god kompetanse på barn si språkutvikling, og er bevisste på korleis barn lærer språk gjennom leik , samtale og aktivitet 

  • Personalet jobber systematisk med “Språkløyper” som lærer oss å verta meir bevisst på korleis vi skal støtta borna si språkutvikling i alle aldersgrupper 

  • Barnet ditt får vera i relasjonar med eit personale som er nær, har fokus på god og støttande samtaler 

  • Vi tilpassar språkmiljøet etter alder for å auke opp ordforrådet til barna 

  • Barnet ditt får delta i lesegrupper, leikegrupper. Lære seg nye songar,rim og regler, lese bøker 

  • Skulestartarane får sitt eige førskuleopplegg ein dag i veka. Der har vi fokus på sosial kompetanse, samarbeid, språk og matematikk leikar, livsmestring og helse 

Aktivt friluftsliv 

  • Vi brukar nærmiljøet aktivt. Her i bygda har vi eit mangfold av kulturlandskap, urskog,beitande husdyr, nærhet til fjell og sjø 

  • Alle aldersgrupper får ein fast turdag i veka. Dei yngste er på tur rett ved barnehagen der dei får leika i lett skogsterreng. Etter kvart som dei vert eldre går vi lengre turar og oppheld oss i naturmiljø 4-5 timar 

  • Vi er opptatt av å gi borna nye mestringsopplevingar og motorisk nye utfordringar 

  • Personalet  har lang erfaring med natur og uteliv i alle årstider og vær saman med barn 

 

Våre tilsette

Mjøsdalen barnehage jobbar eit godt kvalifisert personalet med lang praksiserfaring 

Vi har 2 pedagoger på huset1 universitet utdanna og 1 fagarbeider 

Vi har samarbeid med Fotlandsvåg barnehage i vår faglige utvikling. 

 

Årsplan

Les gjerne Årsplanen for 2020-2021, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.

 

Mjøsdalen barnehage sin årsplan


Sist oppdatert: 04.03.2021
Publisert: 03.12.2020