Lonevåg barnehage
Med fokus på tryggleik, utfordringar, trivsel, glede og humor gjennom leik og læring.
Om oss
- Opningstida er 07.00-16.30 alle kvardagar.
- Lonevåg barnehage ligg på Hatland like ved Lonevåg sentrum. Barnehagen ligg fint til med kort veg til skog og turområde. Osterøy kulturskule ligg i same bygg.
- Lonevåg barnehage gjev barna tryggleik og utfordringar, tilpassa alder og funksjonsnivå. Barna opplever trivsel, glede og humor gjennom leik og læring saman med andre barn og dyktige tilsette.
- Barna får påverke kvardagen sin i barnehagen ved at personalet fylgjer barna sine initiativ.
- Barnehagen har 6 avdelingar: 3 småbarnsavdelingar med barn frå 1-3 år, to 3-4 års avdelingar og ei rein 5 års avdeling.
- Barnehagen har sin eigen Lavvo ved Husavatnet. Den ligg i eit skogsområde som innbyr til mykje aktiv leik i naturen.
Kontakt oss
Styrar: Kari Vevle Reigstad
- Telefon: 56 19 27 00 / 481 36 076
- E-post: kari.vevle.reigstad@osteroy.kommune.no
Telefonnummer til avdelingane:
- Furustubben 0-3 år: 56 19 27 05 / 409 12 091
- Selja 0-3 år: 56 19 27 07 / 945 08 704
- Hassel 0-3 år: 56 19 27 08 / 409 12 074
- Lyngtua 3-4 år: 56 19 27 11 / 409 12 073
- Nyperosa 3-4 år: 56 19 27 03 / 409 12 075
- Rognebær 5 år: 56 19 27 04 / 945 08 705
Besøksadresse:
Rambergsvegen 213
5282 Lonevåg
Kvifor velje Lonevåg barnehage?
Språkstimulering
I Lonevåg barnehage legg vi til rette for at barna skal få god språkstimulering. Vi les bøker kvar dag, syng mykje i løpet av dagen og vi legg stor vekt på den gode samtalen med barna.
Eit aktivt friluftsliv
- Ei gruppe med barn brukar lavvoen fleire timar kvar dag, lunsjen kan vi ete inne ved omnen, ute ved bålet eller på terrassen ein solskinsdag.
- Vi går på turar i skogsområda i nærleiken, turar til fotballbana ved Osterøyhallen er også populært.
- Barna får også gå til Lonevåg sentrum og låna bøker på biblioteket.
- 5-åringane brukar bassenget til Osterøy ungdomsskule og får på den måten ei fin tilvenning til vatn
Prosjektarbeid
- Lonevåg barnehage deltek i eit prosjekt saman med NLA-lærerhøgskolen og saman arbeidar vi for at barna skal få leike seg til auka kompetanse med tallmengder og formar.
- Målet er at arbeidet med fagområdet mengd, rom og form skal verte ein større del av barnehagekvardagen og hjelpe barna til å lettare forstå matematikk når dei vert eldre.
Den viktige leiken
I Lonevåg barnehage verdset vi høgt den frie leiken som barna får styre sjølv. For at leiken skal få gode vilkår er det viktig at:
- Det er sett av nok tid til leik
- At personalet er til stades og kan støtte barna i leiken når det er trong for det.
- God leik er lystbetont og gir barna glede og trivsel.
- Gjennom leik kan barna få sosial kompetanse, dei lærer å respektere andre sine grenser og meiningar, og akseptere at det er ulikskapar.
- Den gode leiken skjer både inne og ute.
Tilvenning
Vi legg vekt på ein trygg og god barnehagestart med
- Besøksdag før ferien
- Foreldremøte for nye foreldre
- Primærkontakt til alle barna
- Tilvenningsperiode tilpassa ditt barn
Våre tilsette
Lonevåg barnehage har varme, tydelege, erfarne tilsette som set barna sitt beste i sentrum.
Vi har:
- To pedagogar på kvar avdeling
- Høg del av tilsette med fagbrev
- Fast tilsett spesialpedagog
- Kompetanse på endrings og utviklingsarbeid, veiledning, matematikk og naturfag i barnehagen
Årsplan
Les gjerne Årsplanen for 2023-2024, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.
Hugs å lese vedtektene før du takkar ja til barnehageplass.