Hauge barnehage

Hauge barnehage

Gir barnet ditt rike naturopplevingar som inspirerer til leik og læring året rundt.

Om oss
  • Opningstid måndag - fredag kl. 07.00-16.30 
     

  • Barnehagen held til i eit flott bygg sentralt på Hauge. Næraste nabo er Osterøy integrerings- og læringssenter 
     

  • Barnehagen har fire avdelingar og plass til 70-80 barn. Vi har to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar 
     

  • Vårt unike uteområde og nærleiken til skog og fjell vi gje ditt barn rike naturopplevingar hos oss! Området vårt, både innafor og utafor gjerdet inspirerer barna til leik og læring året rundt. Uteområdet er inndelt i soner og tilpassa alderen til barna. Vi har bålhytte, lavvo like ved og opparbeida leirplass i skogen.  

Kontakt oss

Styrar: Merethe Mongstad Kvamme

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Haugo 56

5281 Valestrandsfossen

Sjå kart.

 

Kvifor velje Hauge barnehage?

Gode relasjoner og tid til leik 

  • I barnehagen vår blir barnet ditt sett og høyrt! Vi har fokus på å skape gode relasjoner til alle barn gjennom eit varmt, tydeleg og tilstedeværande personale 

  • Vi møter alle barn på deira premiss og er opptatt av å skape ein god og trygg kvardag, der alle er inkludert og får oppleve vennskap  

  • Vi prioriterer tid til leik! Hos oss får barnet ditt leike mykje kvar dag. Vi anerkjenner leiken som barnets viktigaste læringsarena og har eit aktivt deltakande personale  

  • Vi vektlegg gode leikemiljø både ute og inne. 

 
God og trygg barnehagestart 

Det er ein stor overgang å begynne i barnehage. Barnet sitt møte med barnehagen vår skal vera prega av trygg tilknytning og gode rutinar.  

  • Vi har fem dagar tilvenning og ein foreldreaktiv oppstartsmodell

  • Vi har eit nært og godt samarbeid til alle føresette – og tilpassar tilvenninga til ditt barn sine behov 

  • Alle barn får primærkontakt som føl barnet tett den første tida i barnehagen 

  • Før oppstart har vi foreldremøte og fire besøksdagar for barna 

Naturopplevingar for livet 

Hos oss får barnet ditt vera mykje ute. Vi har eit dedikert personale med stor kompetanse og interesse for natur og friluftsliv. 

  • Dei yngste barna får ei gradvis tilvenning til å vera ute – dei er mykje ute på barnehagen sitt område og går tur til Nøtteskogen vår som ligg i barnehagen. Dei utvidar etter kvart til korte turar i nærområdet og til lavvoen 

  • For dei større barna har vi faste turdagar og brukar lavvoen og leirplassen så ofte vi kan. Førskulegruppa er aktive naturvaktarar og gir hjelp til Ugla gjennom året 

  • Berekraft og miljø er viktig for oss – barna er med og komposterer med bokashi, dei største barna har laga miljørutinar og vi har fokus på gjenbruk. 

  • Vi dyrkar i kjøkkenhagen vår og haustar frukt og bær – til glede for alle store og små i barnehagen. 

Eit godt språkmiljø for alle barn

Personalet har god kompetanse på språk, og vi arbeider systematisk med språkløyper for å bli endå betre https://sprakloyper.uis.no/barnehage/  

Eit godt språkmiljø hos oss betyr at ditt barn: 

  • Blir lest for kvar dag og får delta i tilrettelagte språkgrupper 

  • Blir møtt av eit personale som prioriterer tid til gode samtalar og oppfordrer barnet til å fortelje sjølv 

  • Får tid til å leike mykje i eit kreativt tilrettelagt leikemiljø 

  • Har tilgang på eit rikt utval av bøker, eventyr, konkretar, rim og reglar. 

Våre tilsette

I Hauge barnehage har vi eit engasjert og kompetent personale. Personalet har lang erfaring og god kunnskap om barn. Vi oppfyller pedagognorma og bemanningsnorma.  

  • Vi har særleg kompetanse på friluftsliv, småbarnspedagogikk, endrings- og utviklingsarbeid, rettleiing og teiknspråk. Vi har og eigen spesialpedagog tilsett i barnehagen vår 

  • Gjennom fleire år har vi jobba med kompetanseutvikling og den autoritative vaksenstilen – for oss betyr dette at alle i personalet skal vera tydelege og varme i møte med barna. 

Årsplan og vedtekter

Les gjerne Årsplanen for 2020-2021, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.

Hauge barnehage sin årsplan


Sist oppdatert: 21.01.2021
Publisert: 03.12.2020