HeimBarnehageBarnehagane våreFotlandsvåg barnehage

Fotlandsvåg barnehage

Fotlandsvåg barnehage 

Om oss
  • Opningstid : 7.00 - 16.30 
  • Beliggenhet: Fotlandsvåg barnehage ligg sentralt i bygda. Bygget er arkitektteikna og består av to avdelingar på eit plan; ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling. 
  • Vi har barneskulen og idrettsanlegg med kunstgrasbane som næraste nabo. Nærmiljøet kring barnehagen er fredeleg og oversikteleg, godt skjerma frå hovudvegen. 
  • Vi har variert nærmiljø med skog, sjø og turløyper og bebyggelse. 

Særpreg og pedagogisk målsetjing

  • Vi vil vera med å skapa ein god barndom i eit inkluderande trygt og godt barnehagemiljø 

  • Tilvenninga skjer over lang tid med barnet ditt sine behov i fokus 

  • Leiken har ein sjølvskriven og viktig plass i barnehagen 

  • Personalet legg til rette for leik og er aktive ilag med borna for å gi leiken god utvikling 

  • Vi arbeider bevisst for å sjå det enkelte barn og deira behov gjennom varme relasjonar 

Barnehagen sin organisering

Vi har to avdelingar:    Lykkedyret   1-3 år      9 barn 

                                    Tussalusa     3-5 år     18 barn  

Kontakt oss

Styrar: Siri Vaarvik

E-post: fotlandsvag.barnehage@osteroy.kommune.no

Telefonnummer til avdelingane:

Besøksadresse:

Osterøyvegen 2691

5283 Fotlandsvåg

Sjå kart. 

 

Kvifor velje Fotlandsvåg barnehage?

Høg kompetanse på språkstimulering 

  • Barnet ditt får tileigna seg språk ved at personalet bevisst set ord på alt barnet omgir seg med i løpet av ein dag. Språket vert tilpassa etter alder med fokus på forståing og auka ordforråd  

  • Barnet ditt får delta i høgtlesing av biletbøker og varierte kvardagsamtaler med personalet 

  • Barnet ditt får auke ordforrådet, læra rim, regler, song og musikkaktivitet  

  • Skulestartarane får tett samarbeid med Fotlandsvåg skule. Vi får bruke klasserom, gymsal og leikeplass. Vi har gode overgangsrutinar før skulestart. 

  • Vi samarbeider med biblioteket gjennom utlån av bøker til barnehage og heim  

  • Vi er opptekne av å hjelpe barn med språkvanskar 

  • Fleirspråklege barn får utvikle norskspråklege ferdigheitar før skulestart 

Aktivt friluftsliv

  • Barnet ditt får bruka ein flott lavvo som er laga i trevirke. Den ligg rett oppi skogen ved barnehagen. Den brukar vi for 2-5 åringane minimum ein gong i veka 

  • Barnet ditt får god tid å utforske naturen. Vi legg til rette for å vise, fortelje borna alt vi ser, finn av naturmateriale. Øve på å filosofere og lære sjølv gjennom undring og samtale med personalet 

  • Barnet ditt får allsidig motorisk trening i ulendt terreng med utfordring og spenning 

  • Barnet ditt får variert erfaring med å vera ute i alle årstider, læra seg å takle ulike naturmiljø ilag med trygge voksne 

  • Barnet ditt får vera med å dyrkgrønnsaker i kjøkkenhagen vår 

Leik med meining 

  • Barnet ditt får leike mykje inne og ute iløpet av ein dag i barnehagen 

  • Personalet er opptekne av at borna skal få medverke kva dei vil leike 

  • Personalet legg til rette og er aktive i leiken saman med borna 

  • Personalet legg til rette for å variere leikemateriell inne og ute 

  • Barnet ditt får delta i leikegrupper fleire gonger i veka slik at borna får erfare leik med mange forskjellige barn 

  • Barnehagen har stor fokus på eit trygt og inkluderande leikemiljø 

 

Våre tilsette

  • I Fotlandsvåg barnehage jobbar eit godt kvalifisert personalet med lang praksiserfaring. 
  • Vi har to pedagoger på kvar avdeling, og fleirtalet av assistentane er fagarbeidarar. Pedagogane har etterutdanning bl.a  spesialpedagogikk og barn si språkutvikling. 
  • Vi jobbar kontinuerlig med å auke kompetansen til alle tilsette gjennom systematisk arbeid med språkløyper, ny forsking og erfaringsutveksling.  

 

Årsplan og vedtekter

Les gjerne Årsplanen for 2020-2021, den er vårt pedagogiske arbeidsdokument. Årsplanen er godkjent av Samarbeidsutvalet i barnehagen.

 

Fotlandsvåg barnehage sin årsplan


Sist oppdatert: 04.03.2021
Publisert: 03.12.2020