HjemNyheterVil du bli folkeforskar?

Vil du bli folkeforskar?

Rundt om i Noreg er det ei rekke offisielle vêrstasjonar som målar meteorologiske data. Noreg er eit stort land med variert klima og dei offisielle stasjonane er i hovudsak plassert i låglandet og der det er mange innbyggjarar. I nyare tid er det også mange privatpersonar som har installert automatiske vêrstasjonar der brukaren kan velgje å dele sine data med omverda. Slike vêrstasjonar kan vere gode supplement til dei offisielle stasjonane om dei er plassert hensiktsmessig.

Din informasjon vil vere med å forbetre kunnskapsgrunnlaget vi har om endringar i ver og vind som kan påverke oss her på Vestlandet.

Me ynskjer oss innbyggarar som vil delta som medforskar på vêr i forskningsprosjektet «Medvirkningsmetoder for klimatilpassing». Di oppgåve vil vere å dele data frå din eigen NetAtmo vêrstasjon og rapportere hendingar og problemområde i ein nettbasert applikasjon. Om du ikkje har eigen NetAtmo stasjon har Osterøy kommunen enkelte stasjoner til utdeling.

Osterøy kommune inviterer til informasjonsmøte i Hosanger tysdag 13.september kl 18.00. Møtet vert i 2.etasje på Landhandleriet i Hosanger.

Her vil Vestlandsforskning og Norce fortelje om prosjektet og korleis du kan bidra. NTNU vil fortelje om registrering av nedbør og Gjensidige vil fortelje om klimarisiko på Osterøy og forsikring.

Om du allereie no veit at du ønskjer å vere med i prosjektet, gje ein tilbakemelding til wenche-mari.bliksas@osteroy.kommune.no. Fint om du opplyser om du har ein Netatmo vêrstasjon frå før. Det vert arrangert møter for opplæring i bruk av vêrstasjonane og app.

Velkomen!


Sist oppdatert: 07.09.2022
Publisert: 07.09.2022