Velkomen til open brannstasjon
Då blir det open brannstasjon frå klokka 12.00 til 15.00. Du får sjå korleis brannbilane og utstyret ser ut, og du får lære om branntryggleik og førstehjelp. Det vert mange kjekke aktivitetar for heile familien, som å prøvesitte brannbil, spyle med brannslange, delta i konkurransar og mykje meir. Og kanskje får du ein klem av Brannbamsen Bjørnis, som er ein god ven av alle barn. Osterøy Veteranbrannbilklubb vil og vera til stades.
Praktisk informasjon
Den nye brannstasjonen ligg i Osterøyvegen 935. Det er begrensa med parkeringsmoglegheiter ved stasjonen, men ein kan nytta parkeringa ved XL-Bygg på Hauge (Hansdalsvegen 3). Parkeringsvaktar vil vera der og ta imot deg.
Det er gratis inngang og alle er velkomne. Dette blir ein spanande og lærerik dag for heile familien. Håpar vi sjåast!