HeimNyheterVegstenging: Votlavegen og Sundlandsvegen

Vegstenging: Votlavegen og Sundlandsvegen

Grunna arbeid langs Votlavegen mellom nr. 267-279, vil denne vera stengt i periodar opp til 60 minutt. Dette gjeld i tidsrommet mellom kl 8:00-15:00 frå onsdag 1.juni til onsdag 15. juni.

Arbeidet som skal utførast, er legging av siste del av ny overvassleidning på Votlo.

Når arbeidet langs Votlavegen er fullført, skal ein fortsette over og langs Sundlandsvegen opp til nr 7. Her vil vegen vera heilt stengt i opp til 60 minutt ved kryssing, og opp til 30 minutt ved graving langs veg. Det vil bli teken omsyn til bussar i rute, og utrykningskjøretøy.

For spørsmål om arbeidet, ta kontakt med:

Leiar veg og VA - Andreas Sylta: andreas.sylta@osteroy.kommune.no eller 462 80 142

Fagansvarleg veg - Thomas Tufta: thomas.tufta@osteroy.kommune.no eller 484 80 853


Sist oppdatert: 31.05.2022
Publisert: 31.05.2022