HjemNyheterVarsel om vegstenging i Mjeldalen

Varsel om vegstenging i Mjeldalen

Arbeida vil halde på frå 23:00 – 06:00. Arbeida er lagt til denne helga då det ikkje er arbeid i Tirsåstunellen i tidsrommet. Om det skulle oppstå situasjon der Tirsåstunellen skulle bli stengd må arbeida stoppast og oppgravne hol fyllast igjen omgåande.

Det vil bli noko begrensa  framkommeleg også mandag 24/6-24, då det vil bli asfaltering på strekninga.

 

På dette partiet høg aktivitet i fjor haust. Dette arbeidet måtte utførast på nattetid, ettersom fylket trakk tilbake løyvet som tidlegare var gitt, om lov til å stenge vegen heilt i en 14 dagars periode. Dette medførte ei endra utføring på arbeida ved at en kopla røra saman med elektromuffer i staden for i ei sveisemaskin. Det har oppstått nokre lekkasjar på elektromuffene, som ser ut til å være produktfeil. Romarheim Entreprenør, saman med Osterøy kommune, har bestemt at alle muffene på strekninga vert bytta slik at det ikkje skal oppstå fleire lekkasjar.

 

Arbeidet på natt vil være meir skånsame enn tidlegare. Det vil ikkje være behov for pigging eller saging av asfalt. Litt lyd frå graving vil en måtte pårekne.


Sist oppdatert: 20.06.2024
Publisert: 20.06.2024