VALLOKALE VALDAGEN 11. SEPTEMBER
Det vert halde val på representantar til kommunestyre- og fylkesting måndag 11. september 2023. Du har røysterett ved valet dersom du oppfyller eitt av desse krava:
- Du er norsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og er eller har vore registrert som busett i Noreg.
- Du er statsborgar i eit anna nordisk land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
- Du er utanlandsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune.
På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du registrert som busett pr. 30. juni 2023.
Her kan du røysta på valdagen i Osterøy kommune:
Krins |
Stad |
Tidspunkt |
Hauge krins: |
Osterøy integrerings- og læringssenter (skulebygget) |
kl. 12.00 – 20.00 |
Lonevåg krins: |
Osterøyhallen – NB! Nytt vallokale |
kl. 12.00 – 20.00 |
Valestrand krins: |
Kongshall – NB! Endra vallokale |
kl. 12.00 - 20.00 |
Haus krins: |
Haus skule, gymnastikksalen |
kl. 12.00 – 20.00 |
Fotlandsvåg krins: |
Fotlandsvåg skule, gymnastikksalen |
kl. 12.00 – 20.00
|
Bruvik krins |
Knausatun - NB! Nytt lokale |
kl. 12.00 - 20.00 |
HUGS VALKORT OG LEGITIMASJON!