HeimNyheterVal av nye meddommere og skjønnsmedlemmer for perioden 2025-28.

Val av nye meddommere og skjønnsmedlemmer for perioden 2025-28.

Kommunen skal velja meddommarar til tre ulike utval:

  • Meddommarar til lagmannsretten – eitt utval for kvinner og eitt for menn, jf. domstolloven § 64
  • Meddommarar til tingretten – eitt utval for kvinner og eitt for menn, jf. domstolloven § 65
  • Meddommarar til jordskifteretten – eitt utval med like mange kvinner og menn, jf. jordskiftelova § 2-5 

 

Kommunen skal også fremme forslag til skjønnsmedlemmer som vert valde av fylkeskommunen. 

 

Allsidig samansetning av utvala

Det følgjer av domstolloven § 67 at meddommarutvala skal ha ei allsidig samansetning. Meddommarane skal derfor i størst mogleg grad spegla befolkninga i kommunen. Dette inneber at kommunen må ta omsyn til mellom anna alder, etnisk bakgrunn og kultur når meddommarar skal veljast. Kommunen må arbeida aktivt for å sikra nødvendig breidd i utvala.

 

Sjå meir informasjon på https://www.domstol.no/no/meddommer/

 

Frist for å melde interesse for desse verva er innan onsdag i neste veke, 19. juni.

 

Interesse meldast til post@osteroy.kommune.no og i e-posten må følgjande informasjon ligge:

  • Fult namn
  • Poststad (folkereg.adresse)
  • Fødselsår
  • Yrke (utdanning)
  • Stillingstittel
  • E-post adresse
  • Telefonnr.

 

Interessere for jordskifteretten og skjønnsmedlem? I så fall må du også oppgi kyndig kategori i prioritert rekkefølgje: 

  • Landbruk
  • Skogbruk
  • Arealplanlegger
  • Eiendomsutvikler
  • Entreprenør
  • Arkitekt
  • Megler
  • Takstmann
  • Revisor/økonom
  • Fast eiendom
  • Reindrift
  • Annet – (i så fall spesifiser)

Sist oppdatert: 14.06.2024
Publisert: 14.06.2024