HeimNyheterUtsett betaling av faktura sjølv

Utsett betaling av faktura sjølv

Du kan no utsetta betaling av kommunal faktura sjølv via «Min side» på heimesida vår.
Publisert: 02.04.2020
Sist endra: 02.04.2020

I dag sender me ut faktura for kommunale gebyr. I denne tida med økonomisk usikkerhet for mange har me valgt å setta forfallsdato ein heil månad fram i tid – til slutten av april.

I tillegg til dette vil de kunne dele opp eller usette betalinga ytterlegare 30 dagar (normalt er dette 14 dagar).

Betalingsutsetting kan du gjera sjølv via «Min side» på heimesida vår.

Slik utsett du betalinga di

  1. Trykk på «Min side» på heimesida vår.
  2. Logg deg inn via Idporten.
  3. Klikk på Faktura og betalingsutsetjing.
  4. Klikk på Fleire detaljer/Se detaljer.
    1. Her kan du og klikka på lenke for å sjå fakturaen din.
    2. Klikk på knappen for «Utsett betaling».
    3. Du får då opp meldinga «Utsettelse ok – 2020-05-30».

Fakturaen vert automatisk utsett i 30 dagar etter forfallsdato. Din nye forfallsdato er då i slutten av mai.

Dele opp faktura

Om du ønskjer å dele opp faktura må du ta kontakt med økonomikontoret enten via e-post post@osteroy.kommune.no eller på telefon 56192100.

OBS! Dei første dagane etter at det er sendt ut faktura kan det vera vanskeleg å kome igjennom på telefon. Me oppmodar til å sende e-post dersom de ikkje vil nytta sjølvbeteningsløysinga. Alle vil få hjelp til å dela opp eller utsetta betaling av sin faktura.