HjemNyheterTo gode tilbod for lokalmatnæringa

To gode tilbod for lokalmatnæringa

Ei merkevareordning med ein høgare verdi: Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære

Er du ein lokalmatprodusent som ynskjer å nytte ei merkevare med ein høgare verdi, samt jobbe saman om ei heilskapleg merkevare frå Nordhordland – då er dette tingen for deg!

 

Kjenneteikn på produkt som kjem inn under merkevara:

• Minimum 50% av produktet må vere frå Nordhordland (Produksjon og/eller råvarer - Tilsaman må råvare og produksjon komme på 100% eller meir).

• Verksemda er plassert geografisk i biosfæreområdet (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Osterøy, Modalen, Vaksdal og gamle Øygarden kommune)

• Produksjon og råvarer må vere tufta på berekraftige prinsipp (Dette vert spesifisert i søknadsskjemaet)

 

Gratis medlemskap i Matarena sitt kompetanseprogram – Smak av Kysten, gjennom Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære

Ynskjer du som lokal mat-og drikkeprodusent meir kunnskap om korleis du kan auke attraktivitet og lønnsemd i eiga verksemd?

Då er Matarena sitt kompetanseprogram Smak frå Vest noko for deg! Gjennom heile 2023 har dei kurs, samlingar og studieturar som omhandlar det å drive ei verksemd med lokalmat i fokus!

Her kan du med andre ord få fagleg påfyll, og ikkje minst verte ein del av eit større nettverk innafor lokalmat og matproduksjon!  Fylkeskommunen Vestland satsar på dette programmet, og det er eit tilbod til lokalmatprodusentar i dette fylket.

Vi har stor tru på at tilgang til kurs og kompetanse, større nettverk og stor fagleg tyngde vil styrke alle matprodusentane i biosfæreområdet. Du kjem til å få så mykje igjen for å delta i dette nettverket, og vi oppmodar deg til å delta og prøve dette ut – det er difor vi vil gje deg dette GRATIS!

Meir informasjon finn du her:

For å melde deg på dette programmet gjennom Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære, ta kontakt med Hildegunn Opdal: hildegunn.opdal@regionnordhordland.no


Sist oppdatert: 02.02.2023
Publisert: 02.02.2023