HeimNyheterTilskot til prosjekt og tiltak

Tilskot til prosjekt og tiltak

Litt om bakgrunnen:
Landslova var den første samlande lova for heile landet. Lova vart ferdigstilt av Magnus Lagabøte i Bergen i 1274. Dette var den tredje riksdekkande lovboka i Europa, og er rekna som eit viktig verk i norsk og europeisk rettshistorie.

Landslovjubileet rettar søkjelyset på mellomalder og rettshistorie og vil synleggjere arbeidet, engasjementet og forskinga som blir gjort ved ulike miljø. Jubileet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedømme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune. Vestland fylkeskommune koordinerer jubileet.

Meir om jubileet og tilskotet finn de her: https://www.vestlandfylke.no/kultur/kulturarv/tilskot-til-prosjekt-og-tiltak-for-markering-av-750-ars-for-magnus-lagabotes-landslov/  
De kan klikke dykk inn på søknadsskjema til høgre på nettsida.

Vestland fylkeskommune har løyvd 2 millionar kroner til ei søkbar ordning for prosjekt og tiltak som markerer 750 årsjubileet for landslova. Målet med tilskotsordninga å fremje institusjonelle samarbeid, og skal særleg stimulere samhandling mellom kunnskaps- og kulturaktørar som kan aktualisere landslova.

Ordninga skal omfatte kunst- og kulturprosjekt. Prosjekt og tiltak må bli vurderte å ha regional verdi og/eller nedslagsfelt for å få støtte. Barn og ungdom har spesiell merksemd, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet. Vi ønskjer også å oppmuntre til prosjekt og tiltak som har eit fleirkulturelt perspektiv.

Fristen for å søkje tilskot er 1. november.


Sist oppdatert: 17.10.2023
Publisert: 17.10.2023