Tilbod om spann til matavfall

BIR sender om kort tid huseigarar ein SMS med ei lenke til eit skjema der ein bestiller spann ved å sende inn adressa si. Ein må ha mottatt eigen SMS frå BIR før spann kan bestillast.

SMS blir i første omgang sendt til registrerte huseigarar som allereie har eit vanleg 140 liters restavfallsspann.

Eigedommar med avfallsløysing som blir delte med fleire bueiningar, blir kontakta av BIR på eit seinare tidspunkt.

Les meir om matavfall på BIR sine heimesider: www.bir.no/matavfall.

Matavfallsbehaldar frå BIR


Sist oppdatert: 31.10.2022
Publisert: 31.10.2022