HjemNyheterSpelemidler 2025

Spelemidler 2025

Planlegg dykk å søkje spelemidlar for tildeling 2025?

For å kunne søkje spelemidlar må anlegget vera vedteken i kommunen sitt handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Denne skal vedtakast av heradsstyret i september 2024.

Frist for innmelding av nye anlegg til handlingsprogrammet er 10.juli 2024.

Til nye prosjekt som vert meldt inn må det leggast ved ei kortfatta prosjektbeskriving som seier noko om prosjektet sitt innhald, oppstartstidspunkt, planlagt kostnad og finansiering.

For å melde inn anlegget til handlingsprogrammet, enten det er rehabilitering eller nybygg, send e-post til post@osteroy.kommune.no

Når anlegget er meldt opp vert det oppretta eit anlegg med anleggsnummer som de får tildelt av kommunens idrettskonsulent.

Viktig! Dette gjeld berre for nye anlegg, ikkje anlegg som allereie er på prioriteringslista og skal fornyast.

Søknadsportalen for spelemidlar opnar i anleggsregisteret iløpet av juni 2024


Sist oppdatert: 10.06.2024
Publisert: 10.06.2024