HjemNyheterSøkja om sosialhjelp digitalt

Søkja om sosialhjelp digitalt

No kan innbyggjarane på Osterøy søkja om sosialhjelp digitalt.

Innbyggjarane i Osterøy kommune kan no om ønskjeleg søkja sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggjarane kan søkja heimafrå heile døgnet og via mobiltelefon.

NAV har digitalisert fleire tenestar,og frå no av er det mogleg å søkja om sosialhjelp digitalt på nav.no for innbyggjarane i dei kommunane som har teke i bruk den nye løysinga.

- Innbyggjarane forventar at sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, uttalar Vigleik Kalland, leiar i Nav Osterøy. For å søkja sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar.

-Trenger ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringja NAV Kontaktsenter på tlf. 55 55 33 33 og få rådgjeving via telefon, eller ta kontakt med rådhuset på tlf. 56192100. Søkjarar som av ulike grunnar ikkje kan eller ønskjer å nytta seg av den digitale kanalen, kan framleis møta opp på rådhuset for å hente og levera papirsøknad.


Sist oppdatert: 02.04.2020
Publisert: 02.04.2020