HjemNyheterSmittesituasjonen i Bergen

Smittesituasjonen i Bergen

Me vel då å vidareføre våre råd i ei veka til t.o.m. 23.09.20
➡️Me oppmodar framleis alle ostringar å ikkje gjere unødvendige reiser til Bergen.
Elles oppmodar me alle ostringar som må reise til Bergen å fylgje råda gitt av Bergen kommune, blant anna med munnbind på kollektivtransport der det ikkje er mogleg å halde god nok avstand.
➡️Det kan og vera trengsel på kollektivtransport på Osterøy. Me ber alle reisande vurdere om det er naudsynt med munnbind om det ikkje er mogleg å halde god avstand. Foreldre som har born som reiser kollektivt må gjere denne vurderinga for borna.
➡️Alle leiarar i Osterøy kommune er anbefalt å finne løysingar for heimekontor for sine tilsette som bur i Bergen der det er mogleg for drifta.
➡️Osterøytunet opprettheld sine tilrådingar til besøkande, og ber pårørande som bur i Bergen avventa med å reise på besøk til situasjonen i Bergen er avklart.
➡️Grunna situasjonen i Bergen og erfaringer med smitte i bla. kor, så tilrår me at desse øker avstanden til 3 meter mellom deltakerane.
➡️Alle frivillige lag og organisasjonar som har spørsmål knytt til korleis desse råda påverkar dei, ber me ta kontakt med koronatelefonen.

Sist oppdatert: 17.09.2020
Publisert: 17.09.2020