Slik får du ei branntrygg påske
Brannvesenet sine fem påsketips
- Sørg for at du har ein fungerande røykvarslar. Sjekk at batteriet verkar ved å trykke på testknappen. Byt batteriet ein gong i året eller når røykvarslaren lagar korte, svake pip.
- Nytt den ekstra tida heime til å halde brannøving med familien. Gå gjennom kva de skal gjere dersom det tek til å brenne, og avtal eit fast møtepunkt utanfor huset.
- Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og set lysa i god avstand frå brennbart materiale som vindauge og gardiner.
- Skal du grille eller tenne opp bål må du vere varsam og følgje bålvettreglane. Hald avstand til brennbart materiale og sløkk grillen eller bålet heilt før du forlét det.
- Om du fyrer i peisen, bruk tørr og rein ved, tenn frå toppen og sørg for nok luft i starten.
Brannvesenet ynskjer alle ei god og branntrygg påske!
Sist oppdatert:
03.04.2020
Publisert:
03.04.2020