Skogforyngingsprosjekt i Osterøy del 2

I åra 2017 -19 vart då hogge om lag 40 000 m3 med tømmer av ulike skogentreprenørar/tømmerkjøparar. Hogsten vart etterfylgt av eit foryngingsprosjekt som blei gjennomført sumaren 2020.

Mykje av dette skogarealet som vart hogge er diverre ikkje planta til att. Noko som har vore til stor bekymring for landbruksmyndigheiter i kommunen. Det vart difor sett i gang eit storstilt foryngingsprosjekt for å få dette arealet tilbake i produksjon. Landbrukskontoret i Osterøy kommune tok på seg oppgåva med å organisere dette arbeide.

I fyrste omgang vart det gjennomført ei registrering av alle skogeigarar som har avverka skog for denne perioden, men samstundes ikkje planta att hogstareala. Skogeigarane fekk gode tilrådingar for å setje desse areala i produksjon att.

Vegen vidare

No er vi klare med å gå i gang med del 2 for dette prosjektet og Gunnar Kleive er leigd inn for å hjelpe til med prosjektet. Arbeidet vil bli gjort i samarbeid med Marte Storebø frå Nortømmer og landbrukskontoret i Osterøy kommune. Statsforvaltaren i Vestland støttar opp om prosjektet.

Registreringane som er gjort, vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet vidare med forynginga.

Som førebuing til del 2 av prosjektet har vi og snakka med ein del av grunneigarane som har hogge skog i denne perioden.

I neste trinn vert det sendt ut ein invitasjon til skogkveld i februar eller tidleg i mars med informasjon og drøfting av korleis dette arbeidet kan gjerast og korleis ein kan nytte tilskotsordningar og skogfond for finansiering av desse tiltaka. Ein håpar å kunne tilby hjelp til planlegging av planting, tinging av plantar og formidling av plantearbeid.

Kontaktinfo:

Gunnar Kleive  tlf 48124668 mail gunnar.kleive57@gmail.com


Sist oppdatert: 23.02.2022
Publisert: 23.02.2022