HjemNyheterSjekk branntryggleiken hjå deg sjølv!

Sjekk branntryggleiken hjå deg sjølv!

«Aksjon boligbrann» føregår 3.-5. desember. Brannvesenet går då på heimebesøk til innbyggarane og gjer ein enkel sjekk av røykvarslar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar. Om lag 40 000 husstandar over heile landet får besøk av lokalt brannvesen/feiarvesen og eltilsyn.

Får du ikkje besøk av brannvesenet kan du sjølv gjere ein kontroll av branntryggleiken heime, ved hjelp av dette skjemaet: Eigenkontroll av branntryggleiken i bustaden.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier brannsjef Leif Linde.

Byt batteri på Røykvarslardagen

1.desember er Røykvarslardagen og brannvesenet oppfordrar alle til å byte batteri i røykvarslaren og sjekke at den verker. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Røykvarslardagen og Aksjon boligbrann er et samarbeid mellom brann- og feiervesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.


Sist oppdatert: 02.12.2019
Publisert: 02.12.2019