HjemNyheterSjekk branntryggleiken hjå deg sjølv!

Sjekk branntryggleiken hjå deg sjølv!

I desember set den nasjonale «Aksjon boligbrann» søkjelyset på branntryggleiken i førjuls- og juletida. Sjekk korleis det står til med branntryggleiken heime hjå deg sjølv ved hjelp av brannvesenet sitt skjema.
Publisert: 06.12.2018
Sist endra: 22.01.2019

4.-6. desember gjennomførde brannvesenet «Aksjon boligbrann». Brannvesenet gjekk på heimebesøk til innbyggarane og gjorde ein enkel sjekk av røykvarslar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar. Om lag 40 000 husstandar over heile landet fekk besøk av lokalt brannvesen/feiarvesen og eltilsyn.

Fekk du ikkje besøk av brannvesenet kan du sjølv gjere ein kontroll av branntryggleiken heime, ved hjelp av dette skjemaet.

Ekstra risiko i juletida

I perioden 2000 til 2017 var det 4 774 bygningsbrannar i Hordaland. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 516 brannar, og desember med 502. Ingen personar er så langt i år omkome i brann i Hordaland.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier brannsjef Leif Linde.

1.desember er Røykvarslardagen og brannvesenet oppfordrar alle til å byte batteri i røykvarslaren og sjekke at den verker. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Røykvarslardagen og Aksjon boligbrann er et samarbeid mellom brann- og feiervesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.