HeimNyheterRapportering av økonomiske konsekvensar

Rapportering av økonomiske konsekvensar

Noregs idrettsforbund sende den 23. mars 2020 ut eit nyhendebrev til alle idrettslag, kor forbundet ber laga om å rapportera om økonomiske konsekvensar som følge av koronasituasjonen. Formålet med denne rapporteringa er å skaffa norsk idrett ei god og oppdatert oversikt over idrettslege og økonomiske konsekvensar som koronaviruset (Covid-19) har påført idretten. Denne rapporteringa er berre ei kartlegging av dei samla økonomiske konsekvensane, og ikkje ei tilbakebetalingsløysing.  

Svara frå idrettslaga er likevel veldig viktige for at Noregs idrettsforbund skal kunne ha eit best mogleg faktagrunnlag om økonomiske og idrettslege konsekvensar i dialog med lokale og nasjonale myndigheiter. 

Nyhendebrevet finn de her.

Noregs idrettsforbund oppfordrar alle særforbund og idrettskrinsar til å synleggjera denne informasjonen på deira nettsider og i sosiale medie-kanalar, kor ein oppfordrar alle idrettslag om å rapportera inn. Ein kan lesa ei nyhendesak frå forbundet her.


Sist oppdatert: 01.04.2020
Publisert: 01.04.2020