HjemNyheterOsterøy blir nasjonal testarena for robotteknologi

Osterøy blir nasjonal testarena for robotteknologi

Det er det statlege føretaket Siva – Selskapet for industrivekst, som har utnemnt Industriutvikling Vest og Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) til ein såkalla katapultnode – eit nasjonalt testsenter – for bruk av robotteknologi. KORT og dei lokale industribedriftene som er med i senteret, har til saman 120 robotar i bruk og er kjende for sin unike spisskompetanse på robotisering og automatisering. Det var dette som gjorde at KORT vann fram i sterk konkurranse med 22 andre søkjarar, og vart utnemnt som ein av åtte nye katapultnodar for omstilling og innovasjon i Noreg, og den einaste nye testarenaen på Vestlandet.

  – Det er viktig at norske bedrifter har god tilgang til kompetanse og gode testfasilitetar for å sikre konkurransekraft og berekraftig utvikling. Difor er dei nye katapultnodane gledeleg nytt for bedrifter over heile Noreg, seier næringsminister Cecilie Myrseth om tildelinga.

Tungvekter innan robotteknologi

Testarenaen på Osterøy skal bidra til å lyfte teknologikompetansen til norske bedrifter, og styrke forskings- og utdanningsinstitusjonar og innovasjonsaktørar med ny kunnskap om bruk av robotteknologi i vareproduserande industri. Her kan mellom andre små og mellomstore bedrifter kome for å lære om bruk av robotteknologi, drive innovasjon og teste produksjon av varer med hjelp av robotar, for å automatisere og effektivisere sine produksjonsprosessar.

  – For spesielt små og mellomstore bedrifter er det ei utfordring å finne kostnadseffektive automatiseringsløysingar, spesielt i produksjon av mindre volum. Mange har òg avgrensa ressursar til å drive innovasjon og manglar tilgang til testfasilitetar. På Osterøy har me kompetansen, teknologien, og utstyret til å hjelpe dei, seier leiar i Kompetansesenteret for Robotteknologi og testarenaen på Osterøy, Vidar Tufteland.

Bak KORT står dei fem største industribedriftene på Osterøy; Lobas, Mjøs metallvarefabrikk, K. Lerøy Metallindustri, Tysse og Gunnebo Anja Industrier. Også Osterøy Utvikling og inkubatoren Industriutvikling Vest er partnarar i nystifta Kompetansesenteret for Robotteknologi AS, som no har vakse frå eit prosjekt til eit selskap. Det er desse aktørane, i tillegg til Høgskulen på Vestlandet, som skal bidra inn i katapultnoda.

 

Robotteknologi heilt avgjerande for konkurransekraft

Å effektivisere og automatisere ved hjelp av robotteknologi og kunstig intelligens er heilt avgjerande for at norske bedrifter skal behalde konkurransekraft i ein internasjonal marknad med stadig høgare krav til berekraftige løysingar og produkt. Og ifølgje Abelias omstillingsbarometer, som blei lagt fram i august, hastar det med å akselerere denne satsinga. Barometeret viser at Noreg sakkar akterut på bruken av robotteknologi samanlikna med andre land. Osterøy ligg derimot langt framme i å ta i bruk denne teknologien.

På Osterøy har dei største industribedriftene teke stadig fleire marknadsandelar i takt med systematisk automatisering og effektivisering. 

  – Me har hatt ein kraftig produktivitetsvekst som følgje av robotisering dei siste åra. Me ser også at talet på tilsette og robotar følgjer kvarandre parallelt. Det provar at me skapar nye, spennande arbeidsplassar, samtidig som me held oss konkurransedyktige ved å ta i bruk robotar og ny teknologi, seier dagleg leiar Jørn Jacobsen i Lobas.

Nasjonalt sentrum for robotteknologi

Forutan å ta samfunnsansvar og bidra til verdiskaping og grøn omstilling, er motivasjonen for teknologimiljøet på Osterøy å bli eit nasjonalt sentrum for robotteknologi og tilføre endå meir kompetanse.

   – Vi skal samarbeide tett med hovudkatapulten for produksjonsteknologi i Raufoss og testarenaen for systemteknologi og integrering av verdikjeder i Kongsberg. Saman skal me danna eit landslag innan produksjonsteknologi og robotisering, seier Tufteland.

Ordførar Lars Fjeldstad har stor tru på at statusen som ein nasjonal testarena vil få positive ringverknader for Osterøy.

   – Dette er svært gode nyheiter for Osterøy og heile vestlandsregionen. Å bli eit teknologisk knutepunkt vil bidra til å styrke næringslivet, utdanningstilbodet på Osterøy vidaregåande skule og rekruttering av arbeidskraft for framtida. Det vil også styrke omdømmet og synlegheita til vår flotte vestlandskommune, seier han.

 

Fakta om Kompetansesenteret for Robotteknologi

Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) starta som et samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, Osterøy vidaregåande skule, og fem av dei største produksjonsbedriftene på Osterøy; Lobas, Mjøs metallvarefabrikk, K. Lerøy Metallindustri, Tysse og Gunnebo Anja Industrier.

Prosjektet har hatt som mål å styrke kompetansen innan robotteknologi og støtta opp under rekrutteringa til skulen. Kompetansesenteret har i fleire år arbeidd for å styrka samarbeidet mellom skulen og industrien for å auka kompetansen til lærarar innan bruk av robotteknologi og opparbeide eit godt og attraktivt opplæringstilbod ved skulen. Skulen kan no tilby kurs og opplæring tilbake til næringslivet og til andre skular som treng opplæring innan fagfeltet.

I september 2024 stifta dei lokale industribedriftene, Industriutvikling Vest og Osterøy Utvikling, Kompetansesenteret for Robotteknologi AS. Dette selskapet har, saman med Høgskulen på Vestlandet, søkt om og blitt utnemnt til ei katapultnode og ein nasjonal testarena innan anvending av robotteknologi.

 

Fakta om testarenaen på Osterøy

Testarenaen for anvending av robotteknologi er ein del av Norsk Katapult-nettverket og ligg under katapulten Produksjonsteknologi (Manufacturing Technology) på Raufoss. Det er Siva – Selskapet for industrivekst, som er eigd av Næringsdepartementet, som står bak ordninga.

Hensikta med ein testarena, eller katapultnode, er å gi små og mellomstore bedrifter (SMB), større bedrifter,  forskingsinstitusjonar, innovasjonsselskap, næringsforeningar, klynger og utdanningsinstitusjonar moglegheita til å lære av eit teknologimiljø i industrien, drive innovasjon og få tilgang til utstyr og kompetanse dei elles ikkje har tilgang til.

Testarenaen på Osterøy vil tilby testfasilitetar, rådgiving, nettverk og opplæring for utvikling og automatisering av produksjonsprosessar ved hjelp av avansert robotteknologi. Målet er å auke effektiviteten i produksjonen, forbetre konkurranseevna og redusere kostnader gjennom bruk av robotteknologi.

Katapultnoda legg også til rette for kompetansebygging og erfaringsutveksling mellom bedriftene i KORT og viktige fagmiljø. For alle som arbeidar i industrien på Osterøy, betyr statusen som katapultnode at dei får tilgang til store internasjonale industri- og teknologimiljø.

Nyvalgt styre i KORT AS Fra venstre: Bjørn Øvsthus, Mjøs Metallvarefabrikk Per Steinar Osmundnes, Tysse Mekaniske Verksted AS Tobby Sander Tomassen, Osterøy Utvikling Lars Fjeldstad, ordførar Osterøy kommune Børge Brundtland, Industriutvikling Vest Kåre Jonny Jacobsen, K. Lerøy Metallindustri Jørn Jacobsen, LOBAS - Lonevåg Beslagfabrikk

Nyvalgt styre i KORT AS. Frå venstre: Bjørn Øvsthus (Mjøs Metallvarefabrikk), Per Steinar Osmundnes (Tysse Mekaniske Verksted AS), Tobby Sander Tomassen (Osterøy Utvikling), Lars Fjeldstad (ordførar Osterøy kommune), Børge Brundtland (Industriutvikling Vest), Kåre Jonny Jacobsen (K. Lerøy Metallindustri), Jørn Jacobsen (LOBAS - Lonevåg Beslagfabrikk). Foto: Rune Solheim, Runeskrift.


Sist oppdatert: 25.09.2024
Publisert: 25.09.2024