HeimNyheterOppfordrar til vasssparing

Oppfordrar til vasssparing

Dersom det skulle oppstå ein brann, kan ein i verste fall risikera å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen. Per no er det produksjonskapasiteten det står på, men dersom forbruket ikkje går ned minkar nivået også fortare i vassmagasina våre.

Vi oppfordrar difor sterkt til at alle tilkopla kommunalt vatn å avgrensa hage- og blomevatning, bilvask og fylling av badebasseng.

 Vasskanne som vatnar blomstrar

Vi har nokre generelle oppfordringar for alle i kommunen, uavhengig om dei er tilkopla kommunalt vassverk eller har ei privat vassforsyning. I slike tørre periodar er det viktig å tenke på korleis vi får vatnet til å vara lengst mogleg, då vi ikkje med sikkerheit veit når vi får påfyll ovanfrå. 

- Ikkje bruk vatn unødvendig.

- Reduser bruk vasspreiar eller hageslange til vatning av plen eller bed. Plenar er i utgangspunktet robuste og klarar seg betre enn blomar i tørre periodar, la den heller stå uslått fram til det kjem nedbør.

- Blomar/bed bør vatnast med kanne, og dette bør gjerast tidleg om morgon eller seint på kvelden. Vatning på dagtid gjev minst effekt for blomane, då store delar av vatnet fordampar i varmen.

- Gå for gjenbruk av vatn: Dersom du alt har fylt i plaskebassenget, kan du bruka vatnet i dette til å vatna planter og bed.

- Bad heller i ferskvatn eller i fjorden.

 


Sist oppdatert: 24.05.2024
Publisert: 23.05.2024