HjemNyheterOpning av Hanstveitholmane friluftsområde

Opning av Hanstveitholmane friluftsområde

I strålande sol og varmt ver klippa ordførar Lars Fjeldstad snora. Arrangementskomiteen venta om lag 100 personar og på slutten av arrangementet hadde om lag 250 personar vært innom.

Det ble servert ispinnar til borna frå Osterøy turlag, Fjordslottet sponsa flott kake og Liv&Lyst Fotlandsvåg stilte med kaffi og saft.

Fotlandsvåg Musikklag spelte vakkert og alle koste seg i sola. Dei tøffaste bada i finveret.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) hadde med utstyr til ulike aktivitetar og stilte med grillar.

Osterøy kommune håpar at området blir mykje brukt framover og takkar for det gode samarbeidet med grunneigar, BOF og Liv&Lyst Fotlandsvåg.

   

   


Sist oppdatert: 24.08.2021
Publisert: 24.08.2021