HjemNyheterNy vegstenging Sundlandsvegen

Ny vegstenging Sundlandsvegen

Arbeidet vil starte opp tysdag 6. september kl 22:00, og me opnar igjen kl 05:00 neste dag. Siste dag med nattstenging vil vera natt til fredag 9. september, og det vil vera normal ferdsel frå kl 05:00 fredag morgon.

Natt til onsdag vil det vera vanskeleg å tilretteleggje for passering, då arbeidet i stor grad omhandlar rør/kum i, og tett ved, vegbana. Natt til torsdag og fredag ventar me at arbeidet i hovudsak går ved sidan av veg, og at me kan sleppe forbi bilar kvar heile time dersom det då er ventande.

Me vil også beklaga for manglande informasjon om stopp i arbeid ved forrige periode med nattstenging. Det vart oppdaga røyr i grunnen som me ikkje hadde kjennskap til, og måtte difor få nokre avklaringar rundet dette før me kunne fortsetje. Dette tok litt lengre tid enn me hadde håpa på, og førte til at me ikkje rakk det i det tidsrommet som var sett av. Me burde sjølvsagt informert betre om dette, og beklagar ulempen dette kan ha medført våre innbyggjarar.


Sist oppdatert: 02.09.2022
Publisert: 02.09.2022