HjemNyheterNy lokasjon for koronateststasjon

Ny lokasjon for koronateststasjon

Etter eit midlertidig opphald på brannstasjonen på Hauge skal no koronateamet flytta heimatt til Hatland.
Det vert tydelegare for oss at situasjonen med korona kjem til å vera langvarig. Difor har me no fått på plass ein meir permanent løysing på testing på sida av Osterøyhallen.
Testing for korona vil foregå her frå og med måndag 26.10.20
Minner om at om du skal testa deg for korona må du ringe koronatelefonen og avtale dette på førehand. Me utfører ikkje drop-in testing.
Det er ynskjeleg at dei som står i kø for å testa seg stoppar motoren på bilen. Slik bidrar me til mindre forureining og betre luftkvalitet for dei som arbeider på teststasjonen.
Ny teststasjon for korona på Hatland.

Sist oppdatert: 23.10.2020
Publisert: 23.10.2020