HjemNyheterNy informasjon om asfaltering Vesetgjelet - Mjelddalen

Ny informasjon om asfaltering Vesetgjelet - Mjelddalen

Arbeidet i Mjelddalen har dessverre teke litt lengre tid enn asfalttørane hadde planlagt og håpa på. Det vert difor arbeid i Mjelddalen ut veka. 

Det vert framleis eit køyrefelt ope. Dette gjeld ikkje i det smale partiet (ca. ved husnummer 148). Her vert det opptil ein time stenging fredag formiddag. Stenginga vert tilpassa bussrutene.

Arbeidet i Vesetgjelet vert difor ikkje utført før på måndag og tysdag neste veke.

Me beklagar ulempene arbeidet medfører. 


Sist oppdatert: 26.10.2023
Publisert: 26.10.2023