HeimNyheterNy fastlege på Lonevåg legesenter

Ny fastlege på Lonevåg legesenter

Den nye fastlegen heiter Johanne Fjelde, ho kjem opphaveleg frå austlandet, men har busett seg i Bergen saman med sin familie.

Johanne har studert i Bergen og hatt sjukehusturnus ved Haukeland universitetssjukehus. Det siste halve året har ho hatt turnustenesta si her i Osterøy kommune. Ho har trivds så godt, at når det opna seg opp ein moglegheit så greip ho sjansen, og takka ja til ei nyopna liste ved Lonevåg legesenter.

Der vil ho i starten ha ei 50% stilling. Frå august er det tenkt at ho skal opp i 60% ved legekontoret. I tillegg til fastlegeheimelen vil ho arbeide for Osterøy kommune både ved helsestasjonen og ved Osterøytunet. Som ein del av den kommunale stillinga vil ho få rolla som varasmittevernslege. Me ynskjer Johanne velkommen og lukke til i ny jobb her hjå oss.


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 15.03.2021