HjemNyheterNy brannsjef er tilsett

Ny brannsjef er tilsett

Larsen kjem frå stillinga som avdelingsleiar i avdeling for førebygging i Bergen brannvesen. Ho er og sensor ved Norges Brannskole og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Senter ved krisepsykologi. Der har ho arbeidd for å sikre at brannvesenet sitt arbeid med forskning og utvikling er systematisk, planlagt og relevant.

Ho har tidligare jobba ved Bymuseet.

Gjennom sitt virke har Janicke Larsen skaffa seg brei leiarerfaring frå komplekse organisasjoner. Som avdelingsleiar i Bergen brannvesen, styreverv i NKS 110-IKS og sensor ved Norges brannskole har ho innsikt og erfaring fra brannvesenet sin verksemd. Osterøy kommune ser fram til at Janicke Larsen tar over stafettpinnen etter Leif Linde og vi gler oss til eit fortsatt godt samarbeid.

Larsen starter i stillingen 8. august 2022.


Sist oppdatert: 03.06.2022
Publisert: 03.06.2022