HeimNyheterNye besøksrutiner for Osterøytunet

Nye besøksrutiner for Osterøytunet

Me gjer no nokre justeringar på besøksrutinane våre, skil mellom besøk inne og ute og går vekk frå faste besøksdagar.

Fylgjande gjeld frå 24.08.20:

• Besøk må som før avtalast på førehand med personalet i gruppa, helst dagen før.

• Me ber om at besøk føregår etter klokka 11.00 og at ein unngår besøk i forbindelse med måltid og i vaktskiftet.

• Når de ringjer for å avtale tidspunkt for besøk, vil personalet fylle ut eit skjema med namn, telefonnummer og dato/klokkeslett for besøket. De vil også bli spurt nokre spørsmål knytt til helsetilstand. Dette er viktig for å kunna komme raskt i gang med smittesporing dersom det oppstår smitte på Osterøytunet. Skjemaet vil bli makulert etter 2 veker.

• Besøk inne på rommet til pasienten er avgrensa til 1 besøk i veka. Unntak frå dette for ektefelle. Me opnar opp for at ektefelle kan komme når ynskjeleg, men også avtalt på førehand.

• Det kan ikkje være meir enn 2 besøkjande inne samstundes. Alle besøkjande må kunne ivareta smittevernsråda.

• Besøkjande blir henta av personalet utafor avtalt inngangsdør og følgt til pasienten sitt rom. Besøkjande kan ikkje opphalda seg i fellesrom.

• Me har ikkje restriksjonar på tal besøk utandørs. Ved besøk ute, blir pasienten følgt til avtalt stad av personalet i gruppa. Dersom pasienten sit i rullestol kan de kjøra ein tur i nærområdet.

• Me går vekk frå faste besøksdagar slik at gruppa kan fordele besøk utover veka.

• Pasientar som er alvorleg sjuke eller har spesielle behov kan ,etter avtale, få hyppigare besøk eller besøke familie heime.

Smittevernreglane gjeld fortsatt:

• Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.

• Besøkjande må ikkje vera i karantene eller isolasjon

• Besøkjande kan ikkje ha vore utanlands siste 10 dagar

• Besøkjande må utføra handhygiene med handdesinfeksjon ved ankomst, også ved besøk utandørs.

• Besøkjande må minst halda 1 meters avstand både til pasient og personale, både utandørs og innandørs.

• For dei bebuarane som ikkje har føresetnader for å etterleva smittevernreglane, er me klar over at det kan bli meir nærkontakt enn tilrådeleg. Me vurdere likevel at det er viktig for dei at dei får kontakt med sine næraste pårørande.

Me minner me om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt slik at ein unngår mange besøk.

Det kjem stadig ny informasjon frå helsemyndigheitene. Me vil presisera at det heile tida er informasjon frå leiinga på Osterøytunet som gjeld for Osterøytunet.

Me ber om forståing for at besøksrutinane vil bli stramma inn igjen dersom det kjem nye smittetilfelle i kommunen. Besøksrutinane våre no baserer seg meir på tillit til dykk som besøkjande, og håpar me kan ha ein god dialog og samarbeid om eventuelle utfordringar og spørsmål.

Dette brevet blir sendt som epost eller post til næraste pårørande.

Me ber om at de informerer resten av familien og andre som ønskjer å koma på besøk.

Med venleg helsing Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet


Sist oppdatert: 24.08.2020
Publisert: 24.08.2020