HeimNyheterNasjonale smitteverntiltak frå tirsdag 08. desember

Nasjonale smitteverntiltak frå tirsdag 08. desember

No har regionen skilt lag grunna lågare smittetrykk i regionen og det er ikkje lenger smittevernfagleg gode grunnar til å ha ei forskrift som strengare enn dei nasjonale reglane.

Osterøy kommune har valgt å la forskrifta gå som er gjeldane til og med måndag 07.12.20 å gå ut utan ei fornya forskrift. Det betyr at det er dei nasjonale reglane som vil vera gjeldane på Osterøy frå tysdag av.

Du kan lesa dei nasjonale reglane her: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak-fra-5.-november/id2783881/

Eigne råd om julefeiringa kan du lesa her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ma-ha-smitteverntiltak-ogsa-i-julen/id2788526/

Me har stor tillit til at ostringane tar smittevernråda på alvor og håpar alle vil vera med å bidra til at me får ei mest mogleg normal og roleg julefeiring.

Sjølv om dei lokale forboda og påboda i forskrifta no går ut vil me framleis tilrå innbyggjarane våre å fylgje desse råda:

  • Alle som har moglegheit til å vere på heimekontor bør ha heimekontor
  • Bruk munnbind på kollektivtransport og offentleg stad der ein ikkje kan halde 1 meter avstand til kvarandre.
  • Ved planlegging av arrangement oppmodar me å kontakta koronatelefonen slik at dei kan bistå med råd om trygg gjennomføring.

Sist oppdatert: 04.12.2020
Publisert: 04.12.2020