HeimNyheterMidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket. SMIL - MIDLAR 2024

Midlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket. SMIL - MIDLAR 2024

For å kunne søkje må det vere ein produksjon på landbrukseigedomen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket og som gjev rett på tilskot. Det er vidare krav om godkjend gjødselplan og plantevernjournal.

Det kan søkjast om tiltak som ivaretek natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap, samt tiltak for å redusere forureining eller fremje biologisk mangfald.

Søknadsfrist på midlane er 01. september 2024.

Trykk her for innlogging til søknadsskjema og meir informasjon om tilskotsordninga.


Sist oppdatert: 05.04.2024
Publisert: 05.04.2024