HeimNyheterMeld deg på Osterøyverkstad!

Meld deg på Osterøyverkstad!

Her ønskjer me å samle innbyggjarar i alle aldrar for å snakke om korleis me kan byggje det lokalsamfunnet der me ønskjer å bu heile livet. Korleis kan me skapa dei gode møteplassane? Korleis kan vi leggje til rette for det gode aktive liv? Denne verkstaden er òg ein del av medverknaden rundt den nye kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet.

Arrangementet er gratis, og det vert enkel matservering.

Passar det ikkje å kome på møtet i Lonevåg? Då er de hjarteleg velkomen til eit av dei andre verkstadene. Sjå vedlagt plakat for datoar for Valestrand og Haus.

Påmelding til verkstaden gjer de via denne lenka: https://bit.ly/verkstad2022

OBS! Osterøyverkstad på Osterøy bibliotek torsdag 24. feb vert utsatt pga sjukdom. Ny dato er 21. mars.


Sist oppdatert: 22.02.2022
Publisert: 18.02.2022