HeimNyheterMange påmeldte til Sommar på Osterøy

Mange påmeldte til Sommar på Osterøy

Tusen takk til alle som har meldt seg på Sommar på Osterøy!

Vi har fått fleire påmeldingar enn vi har plassar til på enkelte av aktivitetane, og vi byrjar no jobben med å finne plass til flest mogleg. Vi vil gjere så godt vi kan for at flest mogleg skal få delta, men på enkelte aktivitetar vil vi måtte trekkje lodd.

Alle vil i løpet av veka få tilbakemelding på om barnet sitt har fått plass eller ikkje, og på kva aktivitet. Vi oppmodar foreldre til å ta telefonen når ukjent nummer ringer – kanskje vi tek kontakt med nokre av dykk.


Sist oppdatert: 15.06.2021
Publisert: 15.06.2021