HjemNyheterLysregulering og manuell dirigering - Vesetgjelet

Lysregulering og manuell dirigering - Vesetgjelet

Det er i samband med at Espevoll næringsområde skal få VA-anlegg at fylkesvegen i Vesetgjelet, og kortare parti i Mjelddalen, vert lysregulert og innsnevra til ei køyrebane frå 2. mai.

Arbeidet vil føregå mellom kl. 07.00 - 19.00 måndag til fredag. Det vert manuell dirigering ed behov grunna arbeidet, og vegen kan bli heilt stengt i inntil 15 minutt i arbeidstida. 

Arbeidet er satt til å vara fram til 1. november, men ein reknar med at vegen vert opna for fri ferdsel før dette. 

PS: Frå 2. til og med 5. mai blir det berre innsnevring/stenging og dirigering i arbeidstida. Fri ferdsel utanfor arbeidstid.

Naudetatar i utrykking vil sjølvsagt kunne passere.

Illustrasjonsfoto som viser detaljert kart med skiltplan, lysregulering og innsnevering av vegbane i  Vesetgjelet.

Foto: Illustrasjon lysregulering og vegstenging fv. 566 - Vesetgjelet.


Sist oppdatert: 28.04.2023
Publisert: 28.04.2023