Lonevåg - Oppdatering på vasslekasje ved Rambergsvegen 23
Oppdatert kl 13:15
Det vil kome ei mellombels løysning, slik at folk får vatn. Når mellombels løysing er etablert vil vi fokusera på ei større utbetring i området nedanfor Rambergsvegen 23.
Vegen blir stengt ved nr 23 til i morgon, og over ein lengre periode når vi startar på endeleg utbetring.
Opprinnelig melding:
Vi har lokalisert brotet, og teknisk avdeling er på plass og arbeidar med ei løysning. Berørte brukarar kan hente vatn frå utekrana på Osterøy kroa.
Ikkje fått SMS/e-post?
Dersom du ikkje har fått SMS og/eller e-post om hendinga kan dette ha to forklaringar:
1. Det ligg feil informasjon i dei offentlege registera vi henter data frå. Les om kvar vi får opplysningar frå, og moglegheit for å leggja inn varsling på andre adresser via denne lenka: Varsling 24
2. Du bur utanfor det geografiske område vi har sendt varsling til.
Artikkelen vert oppdatert så snart vi har meir informasjon.