HjemNyheterKurs i angstmeistring

Kurs i angstmeistring

Kvar: Familie- og omsorgssenteret
Når: Mandagar i veke 38-45, kl.14-15.30

Mål: Styrke deg til å leve best mogleg med angst, og begrense innverknaden det får i livet ditt.

Tema for kurset er korleis ein kan forstå angst, og kva som bidreg til å forsterke og motverke angstplager.
Du vil arbeide med å forstå din eigen angstreaksjon, og det vil bli gitt øvelsar og heimeoppgåver. Kurset går over åtte måndagar, med ei fast gruppe på inntil ti deltakarar.

Kurset vil i hovudsak vere undervisningsbasert, men med noko tid til felles refleksjon. Du vil få ein
individuell samtale før oppstart, for å avklare om dette er rett tilbod for deg.

KURSET ER FOR DEG SOM:

  • er over 18 år
  • har angst som skapar ut fordringar i kvardagen
  • ønskjer kunnskap og innspel til korleis du kan handtere angstplager
  • har anledning og motivasjon til å møte på kursdagane

Har du spørsmål eller vil melda deg på, ring eller send SMS til: 409 12 083.

Påmeldingfrist 10.september.

Kursansvarlege:
Silje M. Vevle - psykolog, eining for psykisk helse /rus
Yvonne Thomassen - psykolog, barn- og familieteamet

Plakat for angstmeistringskurs hausten 2022


Sist oppdatert: 06.09.2022
Publisert: 06.09.2022