HjemNyheterKoronavaksine

Koronavaksine

Vi planlegg korleis vi skal gjennomføre vaksinasjonen og vil oppdatere nettsida så snart vi har meir informasjon.

Sjølv om det no vert lagt opp til raskare prosessar for godkjenning og iverksetting av vaksina, har legemiddelmyndigheitene fortsatt strenge krav til kvalitet, effekt og sikkerheit.

Fastlegane eller koronateamet har ikkje meir kunnskap om vaksina enn det som sentrale helsemyndigheiter informerer ut.

Les meir om vaksina på fhi.no

Kven får vaksina først?

Dei som blir prioritert blir kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste.

Det er likevel viktig at du har tatt stilling til om du ønskjer å ta vaksina eller ikkje før me kontaktar deg.

Familie/ pårørande til sjukeheimspasientar og andre i risikogruppene som treng hjelp til å innhente informasjon, oppmodast om å hjelpe sine med dette. Personalet på sjukeheimen vil også hjelpe til å informere og snakka med pasientane om vaksina. 

Vi vil ikkje ha nok vaksiner til alle i starten. Førebels har regjeringa bestemt av vaksinasjonen skal skje i denne rekkjefølgja – basert på råd frå Folkehelseinstituttet:

  1. Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  2. Eldre over 85 år 
  3. Eldre over 75 år - deretter dei over 65 år 
  4. Personar i alderen 18 til 64 år som har underliggjande sjukdom

Helsepersonell er førebels ikkje høgare prioritert enn gruppene over, men dette kan endre seg om smittepresset aukar og smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Kva kostar det?

Koronavaksina er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet og blir heilt gratis. 

 


Sist oppdatert: 18.12.2020
Publisert: 18.12.2020