HjemNyheterKorleis vil fremtidas landbruk på Osterøy sjå ut?

Korleis vil fremtidas landbruk på Osterøy sjå ut?

«Retenke Landbruket» skal samla bønder og andre aktørar innan landbruket på Osterøy til ein type "tenketank" der vi skal mobilisere og inspirere til å tenke nye tankar når det gjeld utvikling av landbruket.

Prosjektet handlar om å kartlegge moglegheitene innan landbruket på Osterøy i vid forstand. Altså skal vi og sjå på ulike koplingar og samarbeidsmoglegheiter opp mot anna næringsliv som reiseliv og industri. Prosjektet kan i tillegg vere ein type pilot for ein prosess og metode som kan bli brukt andre stadar i fylket.

Vi treng å få aktørane innan landbruket til å samlast og til å samarbeide på tvers om vi skal få til ein meir bærekraftig utvikling av landbruket.

Bønder og andre aktørar innan landbruket treng å auke si inntening. Dei representerer og ein viktig ressurs når det gjeld bærekraftig utvikling av kortreiste lokalmatprodukt og andre opplevingstilbod innan reiseliv som og er eit viktig satsingsområde for Osterøy kommune.

Vi har begynt intervjurunden

Osterøy Utvikling har i første omgang fått tilskot frå fylket til å gjennomføra eit forprosjekt. Her ønskjer vi å identifisere kva som eksisterer av initiativ og drivkraft i kommunen per i dag, og kva tankar vi har om framtida.

Forprosjektet vert gjennomført i form av dybdeintervju med ulike aktørar. Ta kontakt med Osterøy Utvikling om du har innspel og vil vere med. Dette er ein moglegheit til å framheva kva du tenker er viktig, både innan landbruket og næring på Osterøy generelt. Og framfor alt ønskjer vi innspel til korleis du kunne tenke deg at landbruket i framtiden kan sjå ut.

Innspel og idear frå forprosjektet skal legge rammer for korleis vi utforskar prosjektet vidare. 

Kontakt

Osterøy kommune - Næringsutvikling (osteroy.kommune.no)

Illustrasjonsbilete - Retenke landbruket


Sist oppdatert: 25.11.2022
Publisert: 25.11.2022