HjemNyheterKompensasjonsordning for lokale bedrifter i samband med Covid-19 i 2021

Kompensasjonsordning for lokale bedrifter i samband med Covid-19 i 2021

Kven kan søkje om støtte?

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak, lokalisert i Osterøy kommune. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging og støtte til verksemder som er innafor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringene, og andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Kommunen kan og gi støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet og autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Kommunane har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Støtteregelverk

Tilskotet føl regelverket for bagatellmessig støtte. Søkjarar må i søknaden gi informasjon om dei har fått offentleg støtte og størrelsen på denne i løpet av dei 3 siste rekneskapsåra.

Korleis søkje støtte?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist vert sett til 18.mai 2021. Formannskapets vil vedta støttemottakarane og beløp etter fristen har gått ut.

Føljande informasjon skal stå i søknaden:

1. Føretaket sitt namn og organisasjonsnummer

2. Tilskotsbeløp

3. Kontonummer

4. Dokumentasjon på svikt i omsetning eller tap som følgje av covid-19 tiltak (anslag på beløp og nedgang i %).

5. Anna offentleg støtte motteke i løpet av dei siste 3 år med årstal, beløp og støttegjevar.

Vurdering av søknadar

I vurderinga av søknadane om tilskot leggjast det særleg vekt på levedyktige verksemder som:

er særleg hardt ramma innan reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane.

har falt heilt eller delvis ut av andre kompensasjonsordningar.

andre levedyktige verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Svikten i omsetnad det søkjast kompensert for, må dokumenterast. Søkjar må vere ei verksemd. Ei verksemd er ein juridisk person eller organisasjon som produserer varer eller tenester. Det kan være private og offentlege verksemder, kommersielle, ikkje-kommersielle og ideelle verksemder.

Kontaktperson:

Namn: Kommunalsjef Berit Karin Rystad

e-post: berit.karin.rystad@osteroy.kommune.no

Mobil: 90 61 93 28

 


Sist oppdatert: 16.04.2021
Publisert: 16.04.2021