HjemNyheterKomfyrvaktkampanjen

Komfyrvaktkampanjen

Så godt som alle komfyrbrannar skuldast tørrkoking og ikkje tekniske feil ved produktet. Det skal ikkje mykje til før ein brannfarleg situasjon oppstår. Andersen har sjølv opplevd at komfyrvakta hennar har begynt å pipe når ho har laga mat, og at den har skrudd av komfyren på grunn av for høg varme. Ho er svært glad for tryggleikskjensla komfyrvakta gjev ho.- Det er ikkje godt å vite kva som ville skjedd dersom den ikkje var der. Sidan eg er eldre og bur i eit gamalt trehus er det ekstra viktig å passe på branntryggleiken. Alle bør ha komfyrvakt, oppfordrar Andersen.Om lag 160 utrykkingar grunna komfyrbrukI fjor var det om lag 160 utrykkingar i Vestland fylke som kunne knytast til komfyrbruk. Talet på bustadbrannar i Vestland hadde ein nedgang frå 161 i 2019 til 157 i 2020. Av desse starta rundt 14 på komfyren – og i tillegg kjem nær 150 branntilløp.Folk i alle aldersgrupper opplever branntilløp på komfyren - alt frå unge som lagar nattmat, til travle småbarnsfamiliar og eldre som gløymer at komfyren står på. Vi anbefaler difor alle å installere komfyrvakt! Ein komfyrvakt kuttar straumen dersom du gløymer å slå av plata. Det kan redde heimen din frå brann.Kuttar straumen automatiskKomfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar, og den er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Dersom sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.Slik skaffar du deg komfyrvaktNokre komfyrvakter skal pluggast direkte i stikkontakten, og desse kan du montere sjølv. Komfyrvakter for fast tilkopling må monterast av ein elektrikar.Det er krav om komfyrvakt i alle nye bustader og fritidsbustader, og dersom det leggast opp ny kurs til komfyren. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, kjøkkenbutikkar og nettbutikkar.For personar med særskilte behov kan Hjelpemiddelsentralen installere komfyrvakt gratis. Sjekk kva vilkår som gjeld hos din lokale hjelpemiddelsentral.Nasjonal komfyrvaktkampanjeOnsdag 10. februar går den årlege nasjonale komfyrvaktkampanjen av stabelen. Brann-Norge vil med dette auke merksemda rundt komfyrbrannar. Det viktigaste enkelttiltaket for å redusere talet på brannar og branntilløp på komfyren er å installere komfyrvakt. Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsyn og sakkyndige selskap.


Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 10.02.2021