Kokevarsel Valestrand - Lonevåg
Følgjande melding vart sendt ut:
"Kommunen melder om at drikkevatnet frå Daltveit VBA kan vere forureina. Vi råder til å koke vatn til drikke og matlaging. Ny melding når vatnet er testa og funne trygt å bruke."
Kva har skjedd?
Grunna straumstans på Daltveit vassbehandlingsanlegg i ettermiddag kan det ha vore svikt i reserveløysinga i anlegget. Det betyr at det kan ha kome ureinsa råvatn frå Askelandsvatnet ut på leidningsnettet.
Da vert tatt prøvar av råvatn og ute på leidningsnettet i løpet av torsdag.
Kva bør du gjere?
Vi rådar til å koke vatn til drikking og matlaging. Ny melding vert sendt ut når varselet vert oppheva.
Sist oppdatert:
11.10.2023
Publisert:
11.10.2023